Utdanning/arbeid

Navnet mitt er Mari Agathe Hatlestad og eg kjem opprinneleg frå Sykkylven.

Eg blei utdanna ved Fysioterapihøgskolen i Oslo 1990-93 og hadde turnustida mi på Ålesund Sjukehus og i Volda kommune.
 
Rett etter turnustenesta fekk eg jobb på Muritunet, som då skulle åpne same sommaren som eg var ferdig med pliktåret, altså 1994. Spennande å få vere med på å bygge opp tilbodet frå grunnen av. 

På Muritunet var eg tilsett i full stilling frå 1994-2008. Samtidig jobba eg ein del med privat praksis på ettermiddag/kveldstid, frå 1997.
  
Vi fekk ei dotter i 2008, og etter endt permisjonstid, bestemte eg meg for å arbeide berre som privatpraktiserande fysioterapeut - då det gir meir friheit til å legge opp dagane etter behov når ein har ei lita å ta hensyn til.

I løpet av desse åra har eg m.a. fullført den omfattande kursrekka innanfor Klinisk Ortopedisk Medisin (OMI), og teke utdanning innanfor temaet bekkenrelaterte smerter hos kvinner.(ad modum Britt Stuge)
 
Har også fleire kurs innanfor Medisinsk Treningsterapi, og har delteke på mange andre fagkurs som eg ikkje tek med her.

Frå hausten 2010 kom eg i gang med 1 års vidareutdanning i Kognitiv Terapi trinn 1. Avsluttande og bestått eksamen i Kognitiv Terapi hausten 2011. 

Våren 2011 begynte eg på kursrekka til Redcord, Neurac 1 og Neurac 2. Fullførte kursrekka med Neurac 3 i desember 2012, tok teoretisk og praktisk eksamen - og er blitt sertifisert Neuracbehandler. (Certified Neurac Provider) 
http://www.redcord.no

Fysiohuset

Vi hadde eit hus stående hos oss på Valdal Gard, som ikkje var i bruk. Idèen kom då jenta vart fødd, eg tenkte at det kunne vere lurt å pusse dette opp og drive praksisen heimanfrå, for å ha kort veg heim til barnet.

Huset, som vart kalla Ragnarhuset, er bygd av Ragnar Valdal, onkel til svigerfar. Lars Valdal har vore til avgjerande hjelp når det gjaldt å få dette til! Huset vart etterkvart kalla Fysiohuset.

Stilen i huset er landleg og nostalgisk, og  utstrålar ei lun atmosfære som ikkje skal minne om ein institusjon. 

Fysiohuset vart åpna 1.april 2009.
Der er det eit behandlingsrom med benk, bad/toalett, venterom/kjøkken med kaffi og te, trimrom med essensielt treningsutstyr, Redcord slyngesystem, og eit ekstra rom for avslapping eller undervisning/møter.